Evaluering
Med utkantbutikken i sentrum evaluering av merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane
Denne rapporten presenterer den andre evalueringa som har vore gjort av Merkur. Programmet har tidlegare vore evaluert i 1998 (Lein og Sæter 1998). Ein konklusjon frå denne evalueringa, er at deltakarane hadde eit godt inntrykk av dei fleste delane av programmet, sjølv om det også vart peikt på potensiale for forbetringar. Eit sentralt mål med den nye evalueringa er å vurdere om Merkur fyller dei behov utkantbutikkane møter sju år seinare. Evalueringa er primært basert på dei erfaringane butikkdrivarar og sentrale aktørar rundt desse har gjort gjennom deltaking i programmet.
Publisert
Eier
Kommunal- og distriktsdepartementet
Utgiver
Kommunal- og regionaldepartementet
Utførere
Møreforskning AS og Høgskulen i Volda
Forfattere
Finn Ove Båtevik, Geir Tangen og Else Ragni Yttredal
Språk
norsk (nynorsk)
ISBN
82-7692-248-1