Evaluering
Nominering og konstituering i norske kommunar
I dette notatet har vi undersøkt to viktige fasar i det lokalpolitiske rekrutteringsarbeidet. For det første har vi undersøkt nokre sider ved dei kommunale nominasjonane, der partia rekrutterer kandidatar til vallistene før valet. For det andre har vi sett på sider ved konstitueringsprosessen, der partia fordeler lokalpolitiske verv imellom seg etter at kommunevalet er unnagjort. I begge tilfeller har vi vore opptekne av korleis prosessane påverkar kjønnssamansettinga av dei organa ein rekrutterar til. Hovuddelen av datamaterialet er henta frå prosjektkommunane, men vi har samanlikna resultata herfrå med landsomfattande data der vi har hatt tilgang til slike.
Publisert
Eier
Kommunal- og distriktsdepartementet
Utgiver
Kommunal- og regionaldepartementet
Utfører
Norce Norwegian Research Centre As
Forfattere
Hans-Erik Ringkjøb og Jacob Aars
Språk
norsk (nynorsk)