Evaluering
Får vi også vere med? Om kvinner i norsk politikk
Utviklinga av kvinnelig representasjon generelt i lokalpolitikken og leiarverva spesielt over tid. Moglege forklaringar på kvifor situasjonen er som den er: a) Korleis representativiteten har utvikla seg over tid i kommunane, b) Kva er grunnane til at kvinner er underrepresenterte i folkevalde organ i lokalpolitikken og i leiarverva spesielt. Dette notatet er utarbeidd som ein del av prosjektet «Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken» finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet. I prosjektet er det sett fokus på kvinnerepresentasjon og 22 kommunar deltek som prosjektkommunar. Notatet dannar eit utgangspunkt for evalueringa av prosjektkommunane samtidig som det er gjort forsøk på å vise kor det kan vere nyttig for prosjektkommunane å gjere kjønnsfordelinga i politiske organ i kommunane jamnare.
Publisert
Eier
Kommunal- og distriktsdepartementet
Utgiver
Kommunal- og regionaldepartementet
Utfører
Norce Norwegian Research Centre As
Forfattere
Hans-Erik Ringkjøb og Jacob Aars
Språk
norsk (nynorsk)