Statusrapport
Stimulab: Medisinsk avstandsoppfølging
Prosjektet har undersøkt korleis medisinsk avstandsoppfølging kan effektivisere måten pasientar blir følgde opp på, til beste for innbyggjarane og helsetenestene. Studiar viser at avstandsoppfølging blir teke godt imot av pasientar – men ein har i liten grad til no sett initiativ retta mot spesialisthelsetenesta samanlikna med t.d. kommunehelsetenesta. Medisinsk avstandsoppfølging er eit tema som har vore forsøkt ut gjennom lokale initiativ utan at nokon har funne ei optimal løysing som kan spreiast nasjonalt. Fleire helseføretak i helseregion Midt-Noreg (Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag) gjekk saman med det regionale helseføretaket, for å ta heilskapleg tak i denne problemstillinga. Samarbeidet og den forankringa dei har, gav prosjektet truverde på at dei kan få til ei løysing som kan spreiast og implementerast nasjonalt. Helseregion Midt-Noreg, som pilotregion for det nasjonale arbeidet med helseplattforma og «éin journal»-arbeidet, er ein eigna region for å gå utforskande til verks i dette arbeidet. Det blir viktig å sjå dette prosjektet i samanheng med arbeidet med den nasjonale helseplattforma. Prosjektet starta tidleg i 2020. Covid-19 og nedstenging av samfunnet frå mars 2020 gjorde prosjektet høgaktuelt. Situasjonen medførte behov for rask tilgang til løysingar for medisinsk avstandsoppfølging.
Publisert
Eier
Digitaliseringsdirektoratet
Utfører
PriceWaterhouseCoopers AS
Språk
norsk