Statusrapport
Stimulab: Utsiden inn
Prosjektet pågjekk frå desember 2019 til februar 2021. Prosjektet har utforska korleis tilsette i lokale NAV-kontor, saman med fagressursar sentralt, kan gjerast i stand til å innovere NAV sine tenester med ei menneskeorientert tilnærming. Essensen i utforskinga har handla om kompetansebygging innanfor tenestedesign og gevinstmetodikk, og å skape felles forståing for kva NAV gjer når dei lykkast og korleis ulike delar av NAV-systemet påverkar kvarandre. Utforskingsprosessen har skjedd på tvers av forvaltningsnivå i NAV; lokale NAV-kontor, fylkesnivå og ulike delar av direktoratsnivå, og nettopp det har vore eit viktig element. I sentrum for arbeidet, på tvers av nivå, fag og metodar, står ei menneskeorientert tilnærming som gjev plass til ulike stemmer i tenesteinnovasjonen frå både sluttbrukarar, samarbeidspartnarar, og kollegaer elles i NAV-kontora lokalt og i direktoratet. Menneskeorienteringa har resultert i verdifull innsikt om NAV - sett innanfrå og - kanskje aller viktigast - utanfrå. Innovasjonsarbeidet har pågått gjennom innovasjonsplattforma. Med plattform meiner vi i denne samanhengen ein struktur som legg til rette for kompetanseutvikling, erfaringsdeling og læring, som ein katalysator for å skape medarbeidardrivne innovasjonsprosessar og endringar i NAV. Arbeidet med innovasjonsplattforma er i stor grad samskapt mellom nøkkelressursar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet og prosjektteamet frå Halogen og Rambøll. NAV Lillestrøm vart valt ut som spydspisskontor og er samarbeidspart. Prosjektet involverte også NAV-kontora Balsfjord og Storfjord; Sande, Ulstein og Hareid; Klepp og Time; og Grünerløkka.
Publisert
Eier
Digitaliseringsdirektoratet
Utførere
Halogen AS og Rambøll Norge AS
Språk
norsk