Last ned som PDF

2 sider

1.95 MB

Forsiden av dokumentet Stimulab: Den samskapende bydelen

Statusrapport

Stimulab: Den samskapende bydelen

Prosjektet tek utgangspunkt i korleis ei slik endring kan førebyggje og forhindre utanforskap. Tematikken er nasjonal og veldig aktuell, og sett på den politiske dagsordenen gjennom blant anna den nasjonale inkluderingsdugnaden. Prosjektet valde ut familiar med barn med samansette behov som målgruppe. Målgruppa vart vald fordi ho blant anna involverer mange av dei ulike tenestene frå bydelen og er ei målgruppe som kan oppleve utanforskap. Gruppa inkluderer både barn som er fødde med behov for samansette tenester og barn som får slike behov på grunn av sjukdom eller ulykker. Tema for prosjektet var tid - den knappaste og mest verdsette ressursen i familiane - både for barnet med ekstra behov, for søsken og for foreldre. Temaet «tid» vart valt etter å ha intervjua fleire familiar med barn med samansette behov. Problemstillinga som prosjektet definerte, var: «Korleis kan vi frigjere tid både for familiar med barn med samansette behov og for dei tilsette i bydelen?» Innanfor denne problemstillinga vart seks underproblemstillingar definerte og utforska av fem medarbeidardrivne arbeidsgrupper.

Publisert

Eier

Digitaliseringsdirektoratet

Utførere

Comte Bureau AS og Agenda Kaupang

Språk

norsk