Last ned som PDF

35 sider

8.11 MB

Forsiden av dokumentet Stimulab: Arkivfloken – innebygd arkivering

Statusrapport

Stimulab: Arkivfloken – innebygd arkivering Hva kan vi lære fra Arkivfloken?

Arkivverket meiner at det er viktig å ta eit steg tilbake og tenkje heilt nytt. I 2019 sette derfor Arkivverket seg ein svært ambisiøs visjon for å møte utfordringa: innan 2025 skal ingen offentleg tilsette måtte arkivere manuelt. I prosjektet Arkivfloken blir brukarane sette i sentrum, og ein tenkjer nytt om både system, løysingar og måtar å jobbe på, framfor å halde fram å reparere i form av inkrementelle endringar. Arkivverket ønskjer å utfordre dagens løysingar og system, og sjå om dette kan løysast på heilt andre måtar. Prosjektet skal resultere i gode svar på kva som skal til for å oppnå innovasjon på dette området, og kva som skal til for å engasjere dei ulike aktørane til å jobbe saman på tvers for å utvikle nye løysingar. Arkivverket er spesielt oppteke av å få i gang eit økosystem for innovasjon – ved at prosjektet bidreg til å etablere ein innovasjonsarena. Her kan ulike aktørar bidra inn med kompetansen sin for å utvikle løysingar for morgondagen. Dette vil seie at ein i prosjektet er nøydd til å tenkje heilskapleg og på tvers av fagfelt, og leggje til rette for samarbeid på tvers av sektorar.

Publisert

Eiere

Arkivverket, Digitaliseringsdirektoratet og DOGA Design og arkitektur Norge

Utfører

PriceWaterhouseCoopers AS

Forfattere

Ulrikke Mysen Almestrand, Astrid Langnes Vierdal og Lavrans Løvlie

Språk

norsk (bokmål)

Tema

statlig forvaltning økonomi