Statusrapport
Stimulab: Søknadsprosessen i familieinnvandringssaker En brukerrettet familieinnvandringsprosess - Sluttrapport Mai 2017
Det var behov for å sjå heilskapleg på søknadsprosessen, og syte for at både søknadsportalen, sjekklistene på udi.no, lenkjer og informasjon på ambassadane sine nettsider, og informasjon som blir gjeven i rettleiinga, er betre tilpassa brukarane sine behov. Samtidig må det vere tydeleg kva utlendingsforvaltninga forventar og treng av dokument og opplysningar for å kunne behandle søknaden. Forvaltninga opplever at søknader ved innlevering ikkje er fullstendige og brukarane må anten møte opp fleire gonger eller søknaden blir avslegen fordi han ikkje inneheld alle dokumenta forvaltninga treng for å gjere vedtak i saka. Dette er ofte unødvendige avslag som fører til klagar, fleire førespurnader, og nye rundar i systemet. Det gjev auka ressursbruk både for brukarane og forvaltninga.
Publisert
Eiere
Digitaliseringsdirektoratet og Utlendingsdirektoratet
Utfører
PriceWaterhouseCoopers AS
Språk
norsk (bokmål)