Last ned som PDF

98 sider

1.25 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport Statsforvalteren i Møre og Romsdal 2024

Årsrapport

Årsrapport Statsforvalteren i Møre og Romsdal 2024

Uroa i verda har utfordra også vår region i 2024. Situasjonen verkar inn på arbeidet vårt og arbeidet til dei vi samordnar med. Eit meir tilspissa trusselbilde gir oss auka fokus på motstandskraft. Vi har løfta opp behovet for oppdaterte beredskapsplanar og øvingar både i kriseleiinga og i Fylkesberedskapsrådet. Vi har starta opp totalberedskapskurs for toppleiarar frå offentleg og privat sektor i samarbeid med HV11 og Politiet. Kursa går over fem dagar og inneheld oppdatert informasjon om den tryggleikspolitiske situasjonen, kva regjeringa gjer for forsvar og totalberedskap, historisk bakteppe og totalberedskap nasjonalt, regionalt og lokalt. Kursa inneheld ei øving i det høgaste krisespekteret. Kursa løfter beredskapen, styrker og tryggjar leiarar, bygger fellesskap og kjennskap og spreier viktig informasjon om tryggleik og beredskap i heile fylket. Begge kursa i 2024 var fullbooka, med 30 personar på kvart kurs. Deltakarane gav toppscore i si evaluering

Publisert

Eier

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Mottaker

Kommunal- og distriktsdepartementet