Last ned som PDF

116 sider

1.92 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport Statsforvalteren i Vestland 2024

Årsrapport

Årsrapport Statsforvalteren i Vestland 2024

For Statsforvaltaren i Vestland var 2024 eit år som var prega av dårlegare økonomi, både i kommunane og i embetet. Prisvekst og høgare renter har gjort at kommunar med gode disposisjonsfond har tæra på kapitalen og fått lågare driftsresultat enn åra før. Stadig fleire kommunar melder om at dei må kutte i nivået på velferdstenester. Vi fekk ingen kommunar i fylket inn i Robek i 2024, men vi ventar at fleire vil kome dit i 2025. I embetet måtte vi våren 2024 innføre stillingsstopp resten av året for å halde kostnadene nede. Hovudgrunnane var realnedgang i tildelinga og ekstra utgifter i samband med flytting til nye lokale i Bergen i desember 2023. I desember fekk vi ei tildeling på fem mill. kroner frå BFD og HOD fordi vi brukte tilsvarande ressursar på ei tilsynssak for Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus, den såkalla Spydeberg-saka. Med denne tildelinga enda vi til slutt opp med 3 655 988 kr i overskot, mot 117 000 kr i underskot i 2023.

Publisert

Eier

Statsforvaltaren i Vestland

Mottaker

Kommunal- og distriktsdepartementet