Studie
Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583
Informasjon er ein av dei viktigaste ressursane i offentleg sektor. Handsaminga av informasjon har verknad både på rettstryggleik, personvern, effektivitet og verdiskaping, og det er viktig at vi forvaltar denne ressursen på ein god måte. I denne rapporten definerer vi informasjonsforvaltning som følgjer; Informasjonsforvaltning betyr eit heilskapleg syn på aktivitetar, verktøy og andre tiltak for å sikre best mogleg kvalitet, utnytting og sikring av informasjon i ei verksemd. Organiseringa av informasjonen skal vere systematisk og henge saman med verksemda sine arbeidsprosessar. Rapporten tek føre seg status i forvaltninga når det gjeld å utnytte informasjon som ressurs, og ser på om tida igjen er inne for ei samla vurdering av korleis vi best kan handsame og nytte informasjonen. I denne rapporten er det eit mål å finne ut om det er eit gap mellom korleis informasjonsforvaltninga i offentleg sektor bør vere og korleis ho faktisk er. Eit anna mål er å vurdere om det no er gode grunnar til å sette i gang tiltak frå sentralt hald. I det vidare arbeidet vil Difi invitere til brei involvering for å forankre funna i rapporten, og for å identifisere, vurdere og prioritere tiltak.
Publisert
Eier
Digitaliseringsdirektoratet