Studie
Kunstig intelligens i UH-sektoren Moglegheiter, utfordringar og viktige område framover
I denne temarapporten set vi søkjelyset på bruken av, og tilnærminga til, kunstig intelligens (KI) i universitets- og høgskulesektoren. Rapporten utforskar moglegheiter, utfordringar og dilemma i KIarbeidet til sektoren, og skal gi institusjonane eit grunnlag for å vurdere og drøfte eige arbeid og eigne prioriteringar når det gjeld KI. Den trekkjer også fram særskilte område vi meiner sektoren treng å diskutere nærare i tida som kjem. Rapporten byggjer hovudsakleg på fire datakjelder: 1) Seks døme på bruk av kunstig intelligens i UHsektoren, 2) innhaldsanalyse av årsrapportar for 2023, 3) resultat og innsikt frå kartleggingar utført av HKdir og 4) data som viser status for bruk av kunstig intelligens i statleg sektor. Gjennomgangen av årsrapportane til statlege universitet og høgskolar for 2023, viser at mykje ressursar synest å gå til den organisatoriske støtta som set viktige rammer for bruken av KI. Dei viktigaste KIsatsingane omfattar ulike typar kompetansehevande tiltak retta mot studentar og tilsette. Våre eigne kartleggingar viser likevel eit behov for ytterlegare kompetanseheving. Behovet ser ut til å vere spesielt stort når det gjeld praktisk og fagnær bruk av KI. Undersøkingar om kunstig intelligens i statleg sektor tyder på at bruken så langt er relativt beskjeden. Det kan likevel sjå ut til at bruk av KI er litt meir vanleg i UH-sektoren enn i mange andre sektorar. Det er til dømes relativt vanleg at studentar bruker KI i studiane, men det er til dels store forskjellar i bruken mellom ulike fagområde. Gjennomgangen av seks døme på bruk av KI i UH-sektoren synleggjer ei rekkje erfaringar og råd som kan vere nyttig for andre. Desse omhandlar, mellom anna, verdien av digital kompetanse, leiarforankring, pådrivarmiljø, arbeidslivsrelevans, og at fagmiljøa er i førarsetet for KI-arbeidet i institusjonane. Ein annan viktig bodskap er at ein må leggje til rette for trygg utforsking av KI i institusjonane – og starte i det små. Avslutningsvis lanserer rapporten tre fokusområde som vi meiner UH-sektoren bør jobbe meir aktivt med i tida framover, for å ruste seg til å ta i bruk KI på ein måte som fremjar kvalitet og relevans i undervisning, utdanning og forsking: 1. Digital kompetanse – med konkrete tilrådingar om å styrkje den grunnleggjande KIkompetansen, den fagnære KI-kompetansen for undervisning og forsking, og kompetansen om rammevilkår for bruk av KI. 2. Retningslinjer og rettleiing – med konkrete tilrådingar om å avklare vilkåra for handsaming av personopplysningar i KI-tenester, førebu sektoren på nytt EU-regelverk om KI, og å styrkje arbeidet med forvaltning av data. 3. Samarbeid og erfaringsdeling – med konkrete tilrådingar om å styrkje deling av ressursar og erfaringar på tvers i sektoren, og å etablere og konsolidere møteplassar og samarbeidsarenaer for å fremja god og etisk trygg bruk av KI