Kartlegging
Vender studentar utestengde for fusk tilbake til studiar? - Ei kartlegging basert på data frå UH-institusjonar
På oppdrag frå KD (2024-13) har HK-dir undersøkt kor mange studentar ved norske høgskular og universitet som vender tilbake til studiar etter å ha vore utestengde for fusk. Vi har også spurd institusjonane om dei har nokon form for oppfølging av mistenkte og utestengde studentar. Dette notatet er ei oppfølging av eit meir omfattande notat om studentsaker publisert i mai 2024.1 Her beskreiv vi blant anna talmateriale frå institusjonane om tal på studentsaker, inkludert saker om fusk, skikkavurdering og politiattest. I perioden 2019-2023 var det over 5000 fuskesaker. Talet på studentsaker var høgast i 2021 – under koronapandemien - med over 1500 saker, medan det i 2023 var omlag 800 studentsaker. Tal frå Register for informasjonsutveksling om reaksjoner viser at 795 studentar var utestengde frå studiar ved utgangen av 2022. I 2024 hadde dette talet sunke til 365.2
Publisert
Eier
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Mottaker
Kunnskapsdepartementet