Last ned som PDF

192 sider

0.68 MB

Forsiden av dokumentet Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder

Strategi/plan

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder Et forslag til strategi

Dersom vi skal kunna halda oppe og vidareutvikla eit levande demokrati i Noreg, er det avgjerande at vi har eit felles nasjonalspråk som blir brukt på ein god, klår og situasjonstilpassa måte. Eit velfungerande nasjonalspråk er òg viktig for tryggleiken, effektiviteten og ressursutnyttinga på alle område i samfunnet. Både omsynet til kulturarven og det faktumet at det store fleirtalet har norsk som morsmål, tilseier at nasjonalspråket bør vera norsk også i framtida. Det overordna målet for norsk språkpolitikk må vera å sikra norsk (nynorsk og bokmål) som det samfunnsberande nasjonalspråket i Noreg. Men norsk vil ikkje kunna gjera krav på den same einerådande posisjonen som det har hatt dei siste hundre åra. I framtida vil Noreg i endå større grad enn i dag vera eit multietnisk og mangespråkleg samfunn. I dette samfunnet må norsk fungera som den overordna og samlande norma. Det må samtidig fungera som kommunikasjonsspråk mellom folk med ulike morsmål her i landet, slik engelsk gjer det internasjonalt. Norsk skal med andre ord vera det offisielle norske språket, men utan at det trugar og fortrengjer minoritetsspråka og eventuelle framandspråk frå dei domena der dei har sin rettmessige plass og funksjon. Det må også vera eit overordna mål å sikra både bokmål og nynorsk som fullverdige bruksspråk i samfunnet. Det inneber å leggja forholda spesielt til rette for nynorsk som mindretalsspråk. Spissformulert kan ein seia at så lenge nynorsk og bokmål ikkje er fullt likestilte, kan ikkje norsk, forstått som to likestilte målformer, seiast å vera fullt ut samfunnsberande

Publisert

Eier

Språkrådet