Last ned som PDF

26 sider

0.2 MB

Forsiden av dokumentet Oppdragsdokument Helse Vest RHF 2010

Tildelingsbrev

Oppdragsdokument Helse Vest RHF 2010

Gjennom oppdragsdokumentet stiller Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) til disposisjon for det regionale helseføretaket dei midlane som Stortinget har løyvd til Helse Vest RHF for 2010. Helse Vest RHF skal utføre pålagde oppgåver og gjennomføre styringskrava innanfor dei rammene og måla som er gitt, og dei ressursane som blir stilte til rådvelde i dokumentet. Staten har det overordna ansvaret for at befolkninga får nødvendige spesialisthelsetenester. Dei regionale helseføretaka er gitt eit samla ansvar for at befolkninga i regionen får tilgang til spesialisthelsetenester slik det er fastsett i lover og forskrifter. Midlane som er tildelte i oppdragsdokumentet, set dei regionale helseføretaka i stand til å oppfylle ”sørgje for”-ansvaret. Innanfor dei økonomiske rammene sine må dei regionale helseføretaka sørgje for at verksemda i helseføretaka blir innretta slik at ventetidene til utgreiing/diagnostikk og behandling blir reduserte. Dette krev at ein rettar særskilt søkjelys mot den polikliniske verksemda. Det er ein føresetnad at det regionale helseføretaket går i balanse i 2010. Dersom målsetjingane om resultatmessig balanse og gjennomføring av aktivitetsvekst kjem i konflikt med kvarandre, skal resultatmessig balanse prioriterast framfor andre oppgåver. Sjukehus og helseinstitusjonar som ideelle organisasjonar eig og driv, skal sikrast gode vilkår gjennom avtalar med dei regionale helseføretaka.

Publisert

Eier

Helse- og omsorgsdepartementet

Mottaker

Helse Vest RHF