Last ned som PDF

30 sider

0.33 MB

Forsiden av dokumentet Sykkelturisme i ett kulturøkonomisk perspektiv

Studie

Sykkelturisme i ett kulturøkonomisk perspektiv

Sykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv handlar om å dyrke og utvikle det unike, med utgangspunkt i sykling i landskapet. Sykkelen skil seg klart frå mange andre transportmiddel ved at den på ein heilt annan måte gjer det mogleg å stoppe og gå inn i landskapet. Sykling inviterer til oppdagingsferd i samanhengande assosiasjonslandskap. Rapporten tek til orde for å redusere den sterke fokuseringa på å utvikle og leggje til rette for fastlagde løyper mellom fastlagde punkt. Ei slik einsidig satsing utnyttar ikkje potensialet som ligg i turistens eigen oppdagingstrong. Det er avgjerande å skaffe merksemd for å oppnå suksess. Det må takast utgangspunkt i det som vekkjer interesse for Noreg som reisemål; fjell, fjord, vakker urørt natur. Utifrå desse attraksjonsverdiane må det leiast ut regionale opplevingstema som igjen dannar basis for regionale kulturøkonomiske sykkelguidar.

Publisert

Eier

Statens vegvesen

Språk

norsk (nynorsk)