Forhåndsutredning
Risikovurdering kryss ved Svarstad E39 Byrkjelo - Grodås
Det er starta arbeid med kommunedelplan for strekninga Byrkjelo – Grodås på E39 mellom Skei og Volda. Dagens vegstrekning har dårleg standard og krevjande kurvatur, og skal utbetrast som del av Ferjefri E39. Strekninga har stigning, stor andel tungtrafikk, har fleire avkøyrsler, og ei blanding av ulike trafikantgrupper, mellom anna mange turistar. Planarbeidet har landa på eit forslag med tunell under Utvikfjellet, veg i dagen oppe bak gardane mellom Utvik og Innvik, tunell gjennom Hildahalsen til Frøholm kor vegen går direkte over på bru over Faleidfjorden til Svarstad. Herifrå går vegen vidare i tunell til Markane før den held fram til Grodås. Store delar av trafikken (anslag på ca 40%) over brua skal i retning til /frå Stryn, og prosjektet vurderer difor om det er mogleg, og tilrådeleg, med ei kryssløysing på Svarstad, slik at denne trafikkstraumen ikkje må køyre heilt til krysset i Markane og så omvegen tilbake til Svarstad. Det skal difor, jfr krav i Handbok N100, utførast ein eigen risikoanalyse av utfordringar knytta til sikkerheit i det planlagde krysset på Svarstad. Denne rapporten vil forsøke å gje svar på om det er oppstått fare for nye kritiske hendingar, anslå kva risiko dei inneber, og om det eventuelt er avbøtande tiltak eller forbetringspotensial knytta til skisserte løysingar. Rapporten er meint å vere beslutningsstøtte for val av løyingar som verkar inn på trafikksikkerheiten.
Publisert
Eier
Statens vegvesen
Forfatter
Thorbjørn Thiem
Språk
norsk (nynorsk)