Kartlegging
Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 1 Kva meiner institusjonane og fagmiljøa om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring og læringsutbyteskildringar?
Denne delrapporten inngår i ei evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring som NOKUT gjer på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Den presenterer datamaterialet frå sjølvevalueringane som vi har mottatt frå eit utval institusjonar og fagmiljø innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Dette materialet utgjer eit sentralt, empirisk grunnlag for å vurdere korleis institusjonar og fagmiljø innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning forstår, opplever og tar i bruk Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Det samla inntrykket frå sjølvevalueringane er at både institusjonane og fagmiljøa er positive til effektane NKR har hatt, men at det er utfordringar på ein del område. Tendensen i svara er at NKR har fått tid til å verke og i aukande grad har blitt ein integrert del av arbeidet med enkeltutdanningar og kvalitetsarbeid. Særleg i det interne arbeidet med å utvikle og vidareutvikle emne og studieprogram ser NKR ut til å ha hatt effekt. Skilnader i utfordringar med NKR følgjer i stor grad utdanningstypar, fagområde, sektor og liknande. Her skil fagskulane seg frå høgare utdanningsinstitusjonar, rammeplan- og retningslinjestyrte utdanningar skil seg frå utdanningar utan sentral styring, og helse- og omsorgsfaga skil seg særleg frå dei tekniske fagområda. Dei større og eldre universiteta ser også ut til å vere meir kritisk til NKR enn respondentane for øvrig.
Publisert
Eier
Kunnskapsdepartementet
Utfører
NOKUT
Forfattere
Åsne Kalland Aarstad, Gerhard Yngve Amundsen, Jon Furholt, Olve Hølaas og Bjørn Ragnar Stensby
Språk
norsk (nynorsk)
Tema
utdanning og forskning