Kartlegging
Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 2 Korleis oppleverer studentane læringsutbyteskildringar for utdanning?
Denne delrapporten inngår i ei evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring som NOKUT gjer på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Eit hovudmål i evalueringa er å skape eit godt kunnskapsgrunnlag om dagens situasjon. For å gjere dette har NOKUT innhenta informasjon om korleis studentane innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning forstår og opplev læringsutbyteskildringar. Studentar ved både universitet/høgskular og fagskular rapporterer svært høg kjennskap til læringsutbyteskildringane, vurderer læringsutbyteskildringane som gode og bruker læringsutbyteskildringane til både emneval og eksamensførebuing. Det er òg teikn til at dersom læringsutbyteskildringane er godt utforma – det vil seie at dei er enkle å forstå, er tydeleg kopla på emne- og programnivå og samsvarar med opplevd læringsutbyte – så blir dei òg i større grad brukt og vurdert som nyttige av studentane. Denne tendensen ser me både i fagskule- og universitetssektoren, men den varierer noko etter fag.
Publisert
Eier
Kunnskapsdepartementet
Utfører
NOKUT
Forfattere
Kristoffer F. Øygarden, Bjørn Ragnar Stensby og Jon Furholt
Språk
norsk (nynorsk)
Tema
utdanning og forskning