Last ned som PDF

22 sider

0.97 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport Barneombudet 2022

Årsrapport

Årsrapport Barneombudet 2022

Som jurist og barneombod er eg opptatt av korleis barnerettane etter Grunnlova og barnekonvensjonen i praksis blir følgde opp av myndigheitene. Ein av dei viktigaste lærdommane vi har tatt med oss vidare i arbeidet vårt etter pandemien, er kor viktig det er at myndigheitene vurderer konsekvensane for barn før dei tar avgjerder og utformar politikk som gjeld barn, til dømes i lovarbeid og utvalsarbeid. Berre om dette er innarbeidd i det daglege arbeidet hos myndigheitene, kan ein få det til i framtidige kriser. Vi har derfor i 2022 halde fram arbeidet for at myndigheitene skal ta i bruk barnerettsvurderingar. Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle avgjerder som har konsekvensar for barn. Det gjeld også på systemnivå. Vi har hatt dialog med sentrale departement og direktorat for at omsynet til det beste for barnet skal bli betre innarbeidd i utgreiingsarbeidet i staten. Dette blir eit viktig tema for meg resten av åremålet mitt. Synspunkt frå barn er ein viktig del av kunnskapen når ein skal vurdere kva som er best for barn. Det gjeld også om saka gjeld barn som gruppe. Vi har bedt myndigheitene om å opprette eit kompetansesenter for medverknad som kan sikre kunnskap om metode, gi god rettleiing og samle eksisterande kunnskap frå barn og unge. I september la vi fram rapporten «Hvem skal jeg snakke med nå?», ein rapport som skildrar utfordringar og suksessfaktorar når det gjeld psykisk helsehjelp til barn og unge i kommunane. Funna i rapporten viser at barn som slit med psykiske plager, ikkje har eit godt nok tilgjengeleg eller tilpassa helsetilbod i alle kommunar. Sidan vi i 2020 la fram rapporten om tilbodet barn og unge får i barne- og ungdomspsykiatrien, har vi hatt stor merksemd på psykisk helse. Vi vil halde fram med det og er spente på korleis regjeringa vil følgje opp funna våre i den nye opptrappingsplanen for psykisk helse som er venta i 2023. Vi er svært glade for at det no har blitt ei plikt for barnevernet å vise alle barn som blir tatt under offentleg omsorg, til ei tverrfagleg helsekartlegging. Dette er eit viktig bidrag til at barn som er i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, får betre tilrettelagd omsorg og hjelp. I 2022 sette vi i gang arbeidet med ein rapport om barn som bur i fosterheim, og vi har snakka med både barn, fosterforeldre og tilsette i barnevernet. Vi ser fram til rapporten, som skal vere ferdig våren 2023, og til å setje dette temaet på dagsordenen. At fleire barn skal oppleve meistring i skulen, er eit prioritert område i strategien vår. Vi er mellom anna opptatt av at dei som står i fare for å få langvarig skulefråvær, får god hjelp og støtte, og at dei som treng det, får eit godt tilrettelagt utdanningstilbod. At spesialundervisninga ikkje er god nok, såg Barneombodet allereie i rapporten «Uten mål og mening» frå 2017. Dessverre er det framleis store utfordringar, og dette er noko eg vil ha stor merksemd på framover. Vi har store forventningar til den nye opplæringslova som kjem i 2023. Vi har òg sett i gang eit arbeid med «laget rundt barn» i skule og barnehage. Ei rekkje møte har gitt oss gode innspel, og vi vil komme med anbefalingar til myndigheitene om dette i år. Barn og unge er ei attraktiv målgruppe for marknadsføring. Digitale medium har gitt nye moglegheiter, medan regelverket ikkje 2 har halde tritt med den digitale utviklinga. Barn treng eit sterkt forbrukarvern, og saman med fleire andre aktørar tok vi i 2022 eit initiativ overfor myndigheitene om at regelverket må fornyast. Den siste delen av åremålet mitt vil eg rette merksemd mot eit nytt område: barn som veks opp i fattige familiar. Vi har starta ein god dialog med Nav for at dei i større grad skal innarbeide barneperspektivet i arbeidet sitt. Dette meiner vi er viktig for at barn som veks opp i familiar med låg inntekt, skal få ein betre oppvekst. Vi har hatt eit høgt aktivitetsnivå i 2022, med ei rekkje føredrag og møte med myndigheiter, organisasjonar og politikarar. Eit viktig verkemiddel for oss er òg å sende brev til myndigheitene og gi innspel til Stortinget. Vi får òg mange førespurnader frå utval og arbeidsgrupper som ønskjer innspel frå oss i arbeidet sitt. Dette er svært positivt – synspunkta våre blir alltid tatt godt imot, og anbefalingane våre blir tatt på alvor. I 2022 hadde vi eit større internt arbeid med å gå igjennom alle dokumenta for verksemdsstyringa. Sjølv ein liten organisasjon som Barneombodet må oppfylle alle krav i lovverk og rettleiingar for statlege verksemder, på lik linje med dei store verksemdene. Vi har òg laga eit nytt introduksjonsprogram for nytilsette. Ombodsrolla krev gjerne at dei nytilsette må arbeide på ein annan måte enn dei har gjort før, og vi bruker derfor tid på å få alle nytilsette «om bord». Sjølv om dei aller fleste barn i Noreg har ein god og trygg oppvekst, står utfordringane i kø for oss som arbeider med å gjere det betre for dei gruppene som treng det. Dette skal vi halde fram med i året som kjem.

Publisert

Eier

Barneombudet

Mottaker

Barne- og familiedepartementet