Forhåndsutredning
Fleire eller betre? Rekruttering av gradstudentar til Noreg Rapportserie 03/2018
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet legg SIU fram forslag til nasjonale tiltak for ei meir strategisk rekruttering av heilgradstudentar til Noreg, basert på ei kartlegging av situasjonen i dag. Rapporten munnar ut i tre hovudkonklusjonar: At dagens tilnærming til å rekruttere internasjonale gradstudentar er lite systematisk og manglar tydelege politiske føringar; at rekruttering er en krevjande prosess; og at Europa peiker seg ut som det geografiske nedslagsfeltet som er mest interessant for institusjonane. Desse tre hovudkonklusjonane peiker i retning av ulike tiltak. Blant dei ulike tiltaka ønsker SIU å understreke behovet for å prioritere ei drøfting av overordna politiske mål og føringar for rekruttering av mastergradstudentar og for å få på plass eit samordna opptak av internasjonale masterstudentar. Andre tiltak vil i stor grad avhenge av utfallet av den politiske vurderinga samstundes som eit samordna masteropptak vil kunne frigjere ressursar på ein måte som kan gi ein tydeleg dytt til arbeidet med rekruttering av internasjonale heilgradsstudentar.
Publisert
Eier
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Utgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Utfører
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Forfattere
Tordis Marie Espeland, Margunn Instefjord, Martin Paulsen og Dag Stenvoll
Språk
norsk
Tema
Utenrikssaker utdanning og forskning