Evaluering
Noregs nasjonale ekspertar i Kommisjonen - Ein ressurs for Noreg, eller berre for EU? Difi-rapport 2012:1
Stortingsmelding 23 (2005-2006), Om gjennomføring av europapolitikken, framhevar kor viktig ordninga med nasjonale ekspertar er, og peikar på at ho er eit nyttig og sentralt verkemiddel i norsk europapolitikk. Dette inngår i synet på at tidleg innsats for å fremje norske synspunkt i avgjerdsprosessen i EU er sentralt for å lukkast med den politikken regjeringa legg opp til. Evalueringa har hatt som mål å skildre ordninga med nasjonale ekspertar i Kommisjonen. Dette inneber norsk deltaking og utviklinga over tid. Vidare har evalueringa sett på korleis dei rettleiande retningslinjene frå 2008 er følgde opp. Det blir gjort ein analyse av på kva måte nasjonale ekspertar fungerer som eit verkemiddel i norsk europapolitikk og kva faktorar som påverkar ordninga. Tidlegare arbeid viser at forvaltninga opplever EU/EØS-spørsmål som ein stadig større del av arbeidskvardagen. Denne rapporten søkjer derfor å medverke til vidareutvikling av det EU/EØS-retta arbeidet i forvaltninga.
Publisert
Eier
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Utgiver
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Utfører
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Forfattere
Sanja Kostovska Skaar og Ellen Rønning- Arnesen
Språk
norsk
Kilde
Tema
statlig forvaltning
Virkemidler
internasjonalt samarbeid
Analysekriterier
effektivitet treffsikkerhet