Last ned som PDF

6 sider

1.27 MB

Forsiden av dokumentet Samanstøyt mellom traktor og persontog på Disen nordre planovergang 12. mai 2024

Studie

Samanstøyt mellom traktor og persontog på Disen nordre planovergang 12. mai 2024 BANE 2024/SN

Statens havarikommisjon blei varsla av politiet 12. mai 2024 kl. 1817. Varselet omhandla ein samanstøyt mellom ein traktor og eit persontog på planovergangen Disen nordre, som er ein usikra planovergang ved km 74,917 på Kongsvingerbanen (Figur 2). Føraren av traktoren omkom som følgje av samanstøyten. Traktorføraren hadde førarkort i klasse AM, A1, B, BE, S og T. SHK var på synfaring på ulykkesstaden dagen etter ulykka. Persontog 1028 frå Vygruppen AS, av typen Flirt (type 75), var på veg sørover frå Kongsvinger mot Oslo. Toget heldt ein strekningsfart på 120 km/t då lydsignalet «tog kjem» blei gitt ved orienteringssignalet for Disen nordre planovergang. Lokomotivføraren observerte ein traktor nær planovergangen og oppfatta først at han var i ferd med å stanse. Så såg føraren at traktoren heldt sakte fram mot planovergangen, og eit nytt signal «tog kjem» blei gitt med togfløyta samtidig som nødbremsen blei utløyst. Opptaket frå frontkameraet i passasjertoget viser at traktoren heldt fram i låg, men jamn fart ut på planovergangen. Han blei treft av toget kl. 1756. Då hadde toget ein fart på mellom 100 og 110 km/t. Traktoren var ein Valtra A114 (2019-modell) med frontlastar, eit døme på ein tilsvarande traktor er vist i Figur 1. Traktoren hadde ei eigenvekt på cirka 4 tonn og var cirka 4,4 m lang. Toget trefte omtrent midt på traktoren. Traktoren blei delt på midten og totalskadd i samanstøyten. Delane frå traktoren blei spreidde på begge sider av sporet.

Publisert

Eier

Statens havarikommisjon