Evaluering
Sjøulykke med fiskefartøyet Gunn-Lotte LM2699 der ein fiskar fall over bord utanfor Stamsund den 26. januar 2024 RAPPORT SJØFART 2024/09 Framlagt november 2024
Fredag den 26. januar 2024 kl. 0710 forlét fiskefartøyet Gunn-Lotte med ein fiskar om bord Henningsvær i Lofoten for å trekkje ei fiskeline som blei sett dagen før. Kl. 0857 fekk Kystradio Nord eit VHF-oppkall frå fiskaren på kanal 16. Fiskaren etterspurde hjelp frå redningsskøyte og informerte om at han hadde fått noko i propellen og dreiv mot land utan framdrift. Undersøkingar av propell og aksling viste ingen fysiske teikn til line- eller taurestar som kan ha ført til maskinstansen. SHK fekk gjennomført ei teknisk undersøking av framdriftssystemet. Det var ikkje mogleg å starte motoren slik tilstanden var då han blei undersøkt. Undersøkinga av framdriftssystemet avdekte ingen openberre feil eller manglar som tilsa at det var noko gale med systemet. Meldinga frå fiskaren på VHF var ikkje ei naudmelding eller ei hastemelding i samsvar med formelle varslingsrutinar. Dette førte til at nærliggjande fartøy som høyrde meldinga, og som hadde høve til å hjelpe, ikkje forstod alvoret med det same