Last ned som PDF

22 sider

2.24 MB

Forsiden av dokumentet Snøskredulykker i Norge vinteren 2023/24

Studie

Snøskredulykker i Norge vinteren 2023/24

Vinteren 2023/24 omkom det 4 personar fordelt på 4 snøskredhendingar i Noreg. 2 av desse hendingane var på same dagen. Alle 4 hendingar var i forbindelse med friluftsaktivitetar. 2 på topptur på ski, 1 på fottur, og 1 på skikøyring utanfor løypene ved skianlegg. Dette er færre omkomne enn det som er gjennomsnittet dei siste 16 åra som er 6,75 omkomne per år. Vinteren 2023/24 blei det registrert 84 skredtekne. Det var ingen omkomne på veg eller i bygningar. Det har no vore 4 vintrar på rad utan at nokon har omkome i skred ved snøskuterkøyring i Noreg, og det har vore 3 vintrar utan omkomne ved skavlbrekkulykker. Alle hendingane var innafor Snøskredvarslinga sin varslingssesong (1. desember – 31. mai) og alle hendingane var innanfor dei ordinære varslingsregionane.

Publisert

Eier

Norges vassdrags‐ og energidirektorat