Proposisjon til Stortinget
Prop. 125 L (2014–2015) Endringar i spesialisthelsetjenesteloven m.m. (kontaktlege i spesialisthelsetenesta m.m.)
Proposisjonen inneheld forslag om innføring av kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Forslaget gjeld både ei plikt for helseføretaket til å oppnemne kontaktlege og ein rett for alvorleg sjuke pasientar til å få oppnemnt kontaktlege. Formålet er å gi desse pasientane betre oppfølging og kontinuitet i behandlinga. Helse- og omsorgsdepartementet foreslår også endringar i gjeldande ordning med koordinator i spesialisthelsetenesta, slik at hovudregelen om at koordinatoren bør vere lege, fjernast. Vidare inneheld proposisjonen forslag om innføring av søksmålsfristar for vedtak gjorde av Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Statens helsepersonellnemnd.
Publisert
Eier
Helse- og omsorgsdepartementet
Utgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Språk
norsk (nynorsk)
Kilde
Ressurser
Tema
Helse og omsorg Sykehus