Proposisjon til Stortinget
Prop. 148 L (2016–2017) Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling)
Proposisjonen inneheld forslag om å endre organiseringa av eigedomsoppmåling frå å vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane til å bli ei profesjonsregulert teneste med fri prisdanning. I proposisjonen blir det foreslått å innføre krav om personleg autorisasjon for landmålarane og krav til landmålarføretak. Vidare blir det fremma forslag om å overføre ansvaret for føringa av eigedomsopplysningar i matrikkelen frå kommunar som ikkje ønskjer å vidareføre denne oppgåva, til staten v/Statens kartverk. Forslaga skal mellom anna bidra til auka konkurranse, raskare, betre og meir effektive tenester for brukarane, auke kvaliteten i matrikkelen og leggje grunnlaget for utviklinga av ein konsulentbransje for tenester på eigedomsområdet. Det er vidare foreslått ei rekkje mindre endringar i matrikkellova, mellom anna enklare reglar for å handtere geografiske endringar for festegrunn, og gjord nokre tilpassingar i plan- og bygningslova.
Publisert
Eier
Kommunal- og distriktsdepartementet
Utgiver
Kommunal- og distriktsdepartementet
Språk
norsk (nynorsk)
Kilde
Ressurser
Tema
kommuneøkonomi Forenkling for næringslivet Plan, bygg og eiendom Landbrukseiendommer Bygg Plan- og bygningsloven Kart og eiendomsdata Statlig eiendomsforvaltning