Proposisjon til Stortinget
Prop. 60 L (2020–2021) Endringar i utlendingslova (strafferamme for ulovleg opphald m.m.)
Proposisjonen inneheld forslag om å heve strafferamma frå seks månader til inntil to års fengsel for ulovleg opphald som finn stad etter at ein utlending har blitt utvist på grunn av ilagt fengselsstraff eller særreaksjon. Føremålet med forslaget er å heve straffene til eit nivå som har større preventiv verknad og vil føre til at fleire etterlever vedtak om utvising. Proposisjonen inneheld også eit lovforslag som inneber at det i visse tilfelle av brot på innreiseforbod berre skal nyttast fengselsstraff dersom uttransport frå Schengen-området først har vore forsøkt.
Publisert
Eier
Justis- og beredskapsdepartementet
Utgiver
Justis- og beredskapsdepartementet
Språk
norsk (nynorsk)
Kilde
Ressurser
Tema
Innvandring og integrering