Last ned som PDF

40 sider

0.63 MB

Forsiden av dokumentet Prop. 85 LS (2019–2020)

Proposisjon til Stortinget

Prop. 85 LS (2019–2020) Endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga)

Proposisjonen inneheld forslag om endringar i forbrukermerkeloven som gjennomfører energimerkeforordninga. I tillegg blir det føreslått at Stortinget vedtek samtykke til godkjenning av vedtak i EØS-komiteen om å innlemme forordninga i EØS-avtala. Forordninga erstattar energimerkedirektivet og inneheld krav om at leverandørar og forhandlarar skal utstyre produkt med ein energietikett med opplysingar om energibruk. Forordninga er ei rammeforordning med overordna rammer for energimerking av produkt, medan dei enkelte produktgruppene blir regulerte i eigne produktspesifikke forordningar.

Publisert

Eier

Energidepartementet

Utgiver

Energidepartementet

Språk

norsk (nynorsk)

Tema

Forbruker Energi Klima og miljø Europapolitikk