Forhåndsutredning
Plan for bedre nettdekning til togreisende Utredning
Ein ny rapport syner at prisen for god mobil- og nettforbindelse rundt og mellom dei fire største byane i Norge er tre milliardar kroner. I rapporten vert det foreslått å byggje ut betre dekning ut frå landets fire største byar som eit første trinn. Eit fullpakka tog med 600 passasjerar, kor alle vil ha best mogeleg internett-dekning, utfordrar fleire aktørar – ikkje berre mobiloperatørane. For nordmenn er i verdstoppen når det gjeld bruk av smarttelefon, nettbrett og data, og vi rekner det som ei selvfølge at alt fungerar som heime også når vi er på farten. Den kraftige auken i togpassasjerar set både mobiloperatørar, togselskap, Norske tog AS og Bane NOR på prøve. Jernbanedirektoratet har oversendt ein plan for betre mobildekning til Samferdselsdepartementet. Denne planen beskriv nåsituasjonen, og tek for seg korleis dei togreisande i Norge kan få betre og tilfredsstillande mobildekning. Planen er utarbeidd i samråd med Bane NOR, Norske tog, Telenor, ICE og Telia. Føremålet med planen er å skaffe eit grundig oversyn over dagens dekningssituasjon for dei reisande og deretter analysere mogelege utbetringar og få oversyn over dei naudsynte tiltaka som må setjast i verk i regi av jernbaneaktørane og teleoperatørane samt dei tilknytta kostnadane for å oppnå tilfredsstillande mobildekning på dei ulike togstrekningane over heile landet.
Publisert
Eier
Jernbanedirektoratet
Utfører
Jernbanedirektoratet
Språk
norsk
Tema
Transport og kommunikasjon
Virkemidler
tjenester
Analysekriterier
kost-nytte