Kunnskapsoppsummering
Læremiddelforsking etter LK06 Eit Kunnskapsoversyn
Rapporten er skriven på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet som ønskjer ein kunnskapsstatus når det gjeld forsking på læremiddel etter innføringa av Kunnskapsløftet ( LK06). Studien skal ifølgje oppdraget særleg ha fokus på tre hovudområde; val, vurdering og bruk av læremiddel, digitale læremiddel og læremiddel og tilpassa opplæring. Rapporten byggjer på litteratursøk i relevante basar og gjengir ei tematisk ordna litteraturliste (vedlegg 1). På bakgrunn av dette søket er relevant litteratur gjennomgått med tanke på å kaste lys over dei tre hovudområda. Generelt må det seiast at vi har funne lite forsking innanfor alle dei tre hovudområda når vi avgrensar til tida etter LK06. Noko meir finst før 2006, og det er grunn til å tru at konklusjonane derifrå framleis er gjeldande. Eit unntak her kan vere spørsmålet om digitale læremiddel, der situasjonen i vidaregåande opplæring er endra når det gjeld læremiddelsituasjonen.
Publisert
Eier
Utdanningsdirektoratet
Forfattere
Gudrun Kløve Juuhl, Magnus Hontvedt og Dagrun Skjelbred
Språk
norsk
Kilde
Tema
utdanning og forskning