Last ned som PDF

181 sider

3.08 MB

Forsiden av dokumentet Kartlegging av skulebibliotek i grunnskule og
vidaregåande opplæring

Kartlegging

Kartlegging av skulebibliotek i grunnskule og vidaregåande opplæring Skulebibliotek i Norge

Kartlegginga vart gjennomført som spørjegransking til alle grunnskular og vidaregåande skular i Noreg i perioden 5. september til 14. oktober 2006 - Vi fekk svar frå i alt 51 % av skulane som mottok spørjeskjemaet. I alt 1546 skular svarte. - Alle fylka var representerte. Samanlikna med reell fordeling av skulane i Noreg låg svara våre innan relevante feilmarginar (+/- 2% avvik frå reell fordeling) - Vi fekk svar frå skular i 85 % av kommunane i Noreg - 33 % av svara kom frå skular i bykommunar (avgrensa ut frå kommunenummer), reell del i Noreg er 32,8% - Av svara kom 86 % frå grunnskular (reell del av skulane i Noreg er 88 %), og fordelinga på kombinerte grunnskular, reine barneskular og reine ungdomsskular var også i tråd med den reelle fordelinga. - Av svara våre kom 16 % frå skular med mindre enn 50 elevar og 33 % frå skular med meir enn 300 elevar. Reelle tal for dette er 19 % og 26 %. Dette viser at vi hadde ein viss overrepresentasjon av dei største og underrepresentasjon av dei minste skulane. Vi hadde venta dette, ut frå gjennomføringsmetoden (utsending og svar via epost/Internett). I tillegg vart det gjennomført ei kvalitativ undersøking med sikte på å få ei djupare forståing om på kva vis og i kva grad skulebiblioteket blir brukt som ein aktiv reiskap i undervisninga. Den kvalitative undersøkinga var gjennomført på seks skular – to grunnskular, to ungdomsskular og to vidaregåande skular på Austlandet. Rektor, lærarar, elevar og bibliotekansvarlege var djupintervjua.

Publisert

Eier

Utdanningsdirektoratet

Språk

norsk

Kilde

www.udir.no

ISBN

9788276922684