Kartlegging
Praktisering av sjølvkostprinsippet i kommunane
På oppdrag frå KRD har Telemarksforsking gått gjennom forvaltningsrevisjonsrapportar for å kartleggja feil og manglar på utvalde sjølvkostområde i kommunane. Me har identifisert ein del viktige problemområde. Dokumentasjon av sjølvkost er av varierande kvalitet, og det er slett ikkje alltid mogleg å seia om kommunane reknar rett eller ikkje. Eit hovudfunn er at ting er på rett veg: praksis vert meir i tråd med retningslinene over tid. Dei mest alvorlege feila finn me nok rundt bruk av sjølvkostfond. Alt i alt er det mykje som vert gjort feil. På VAR-området fører dette med seg at innbyggjarane i mange tilfelle betalar meir enn sjølvkost.
Publisert
Eier
Kommunal- og distriktsdepartementet
Utfører
Telemarksforskning
Forfattere
Sigbjørn Hjelmbrekke og Ailin Aastvedt
Språk
norsk (nynorsk)
Kilde
ISBN
9788274014428
Tema
Kommuner og regioner