Årsrapport
Årsrapport Statens pensjonskasse 2014
I 2014 greide vi det igjen. Vi gjennomførde eit stort reformarbeid, samtidig som den daglege drifta gjekk som den skulle. Samla sett har ressursbruken vore på omtrent same nivå som i 2013 - sjølv om volumet av tenestene våre har auka. Medlemmene skal få riktige utbetalingar, kundane skal få rett premie, og både medlemmer, kundar og samfunnet elles, skal få den informasjonen dei treng. Leveransane frå oss skal komme i rett tid, og vi skal forvalte pensjonsrettar, som tilsvarer nesten 500 milliardar kroner, så kostnadseffektivt som mogeleg. Slik kan vi summere dei viktigaste punkta i samfunnsoppdraget vårt - og dei viktigaste punkta i tildelingsbrevet frå departementet. I 2014 leverte vi på alle desse punkta. Vi oppnådde alle vesentlege mål og resultatkrav i tildelingsbrevet. Drifta var stabil. Vi hadde god styring på verksemda. Og ikkje minst - vi har handtert ein vesentleg auke i volumet av tenestene våre, samtidig som vi har halde kostnadsveksten nede. Dette er ein klar indikasjon på at vi lukkast med å effektivisere verksemda vår, og det er eg god fornøgd med. Ikkje minst fordi vi samtidig har brukt mykje ressursar til å gjennomføre uførereforma på ein vellukka måte. Dette betyr at vi har oppfylt lovnaden om å utnytte stordriftsfordelen vår for å drive så kostnadseffektivt som mogeleg. Men det betyr ikkje at vi kan slappe av. Sjølv meiner vi at vi har meir å hente. Og vi meiner at det er i pensjoneringsprosessen - som aleine representerer rundt 80 prosent av kostnadsbasen vår - at effektiviseringspotensialet er størst. Vi er fornøgde med at vi har fått gjennomført fleire utbetringstiltak, for eksempel innanfor pensjonering og lån (dei er omtalte i kapittel 3). Men det er mange små og større tiltak med god forventa kost/nytte-verdi som vi har vore nøydde til å nedprioritere, fordi vi har måtta bruke utviklingskapasiteten vår på reformarbeid og andre såkalla må-oppgåver. Prioritering mellom utvikling og dagleg drift er eit tema som har prega 2014, og som går igjen i denne rapporten.
Publisert
Eier
Statens pensjonskasse
Mottaker
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Språk
norsk