Last ned som PDF

22 sider

0.67 MB

Forsiden av dokumentet Får barn som bur i fosterheim oppfølging i samsvar med dei faktiske behova sine?

Studie

Får barn som bur i fosterheim oppfølging i samsvar med dei faktiske behova sine? Oppsummering av landsomfattande tilsyn med barnevernstenesta si oppfølging av barn i fosterheim 2022–2023 Rapport frå Helsetilsynet 8/2024

Helsetilsynet ser at barnevernstenestene i hovudsak gjennomfører dei lovpålagde oppfølgingsbesøka i fosterheimane, og at barna blir snakka med. Dette er ei forbetring samanlikna med førre landsomfattande tilsyn med oppfølging av barn i fosterheim i 2013 og 2014. Det er likevel peika på lovbrot i 36 av dei 52 tilsyna som vart gjennomførte i 2022 og 2023. Det er eit hovudfunn at oppfølginga av barn som bur i fosterheim etter omsorgsovertaking, ofte ikkje er systematisk og heilskapleg. Vi finn blant anna at: • planlegginga av oppfølginga ofte knyter seg til det enkelte besøket og at det ikkje er ein aktiv bruk av planar i oppfølgingsarbeidet • det manglar systematikk i informasjonsinnhentinga når det ikkje er etablert faste arenaer rundt barnet som ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte • det blir gjort vurderingar av barnet sine behov, men vurderingane blir ikkje dokumenterte. Dette gjer det ofte krevjande å sjå om vurderingane som er gjorde, er i samsvar med barnet sine behov • nødvendige avgjerder blir stort sett sette i verk, men når vurderingane som ligg til grunn for avgjerda ikkje er dokumenterte, blir det vanskeleg å vite om dei faktiske behova til barnet blir dekte

Publisert

Eier

Statens helsetilsyn

ISBN

9788293595632

Virkemidler

tilsyn