Kartlegging
Årsaker til nedlagde skular r i perioden 2007/2008-2009/2010
Det har i perioden 2007/2008 – 2009/2010 vorte lagt ned 154 skular. Nordland og Møre og Romsdal er dei fylka der flest skular har vorte lagt ned med høvesvis 22 og 17 skular. Oslo og Aust-Agder har ingen reelle nedleggingar av ordinære grunnskular. Til saman er vel 6 000 elevar omfatta av nedleggingane. Rapportane frå fylkesmennene viser at lågt elevtal, dårleg kommuneøkonomi og ynskje om betre ressursutnytting er hovudårsakene til at skular vert lagt ned. Ofte er det ein kombinasjon av dårleg kommuneøkonomi og lågt elevtal. I tillegg skuldast nokre nedleggingar dårlege og lite hensiktsmessige bygningar og utilfredsstillande pedagogisk tilbod.
Publisert
Eier
Utdanningsdirektoratet
Språk
norsk
Kilde
Tema
utdanning og forskning