Evaluering

Evaluation of Norway’s support to women’s rights and gender equality in development cooperation

Rapporten evaluerer den norske bistanden som har som målsetjing å styrkje kvinner og jenter sine rettigheiter og likestilling. Evalueringa vurderer i kva grad ein har oppnådd resultat av slik bistand og om resultata er i tråd med Handlingsplanen for kvinners rettigheter og likestilling i utviklingssamarbeidet og dei fire tematiske prioriteringane der: politisk og økonomisk deltaking, seksuell og reproduktiv helse samt vold mot kvinner. Evalueringa dekkjer i hovudsak perioden 2007-2013 og inkluderer ein skrivebordsstudie av den globale likestillingsinnsatsen til Noreg, samt case studiar av tre land: Etiopia, Mosambik og Nepal. I tillegg vart det gjennomført ein skrivebordsstudie av den norske likestillingsbistanden til Zambia. Evalueringa er gjennomført på oppdrag frå Evalueringsavdelinga i Norad av Swedish Institute for Public Administration (SIPU), i samarbeid med Overseas Development Institute (ODI) i Storbritannia og Chr Michelsens Institutt i Bergen.

Publisert

Eier

Norad

Utførere

Chr Michelsens Institutt, Swedish Institute for Public Administration (SIPU) og Overseas Development Institute (ODI)

Språk

engelsk

ISBN

978-82-7548-755-9