Hopp til hovedinnhold
/
/

Start / Dokumenter / Rapporter og prosjektoppdrag som kommisjonen har s...

Åpne PDF (åpnes i ny fane)
70 sider 1.87 MB
Forsiden av dokumentet Rapporter og prosjektoppdrag som kommisjonen har satt ut
Studie

Rapporter og prosjektoppdrag som kommisjonen har satt ut Om føremåla med obligatoriske pensjonsordningar og vilkåra for at dei skal bli oppnådd

Rapporten handlar om kva rolle det offentlege bør ha i pensjonssystemet. Hovudvekta er på økonomiske synspunkt heller enn politiske. Perspektivet er korleis det offentlege kan medverka til eit betre pensjonssystem. Eit slikt perspektiv gir i seg sjølv ei viss slagside i favør av offentlege tiltak. At ein kan oppnå ein fordel, er jo ikkje det same som at det politiske systemet faktisk vil realisera denne fordelen. Perspektivet gjer også at det blir mindre vekt på eventuelle negative verknader av offentlege pensjonsordningar på andre samfunnsområde enn det som ville vore naturleg å ha med i ei meir fullstendig drøfting for og imot. Men i pensjonspolitikken bør ein begynna med spørsmålet om korleis ein kan få til ei god pensjonsordning og så får andre spørsmål komma til etter kvart.

Publisert

Eier

Finansdepartementet (FIN)

Forfatter

Thomas Albrechtsen

Språk

Norsk (bokmål)