På vei mot framtida – men i ulik fart?

Evaluering|

Rådgivinga i skolen i Noreg utviklar seg utan tvil i rett retning, men utviklinga skjer med ulik fart. Dette er hovudkonklusjonen frå SINTEFs evaluering av rådgivingstenesta. SINTEF finn at mange kommunar har teke grep og innført nye arbeidsformer og organisasjonsformer som har heva kvaliteten på rådgivingstenesta. Andre stader finn forskarane at elevar opplever møtet med rådgiving i skolen lik det elevane opplevde på 1970-talet. Presiseringa av reglane i opplæringslova om rådgiving i skolen frå 2009 er opplevd som eit framsteg. SINTEFs inntrykk er at dei fleste opplever det som ei støtte i arbeidet at instruksen forklarer meir detaljert kva god rådgiving skal vere, og at rettane til elevane har blitt tydelegare.

  • Utdanningsdirektoratet
  • Trond Buland, Ida Holth Mathiesen, Bjørg Eva Aaslid, Halvdan Haugsbakken, Brita Bungum, Siri Mordal
  • SINTEF Teknologi og samfunn
Intervju
Spørreskjema
Dokumentstudier