Riksrevisjonens undersøking av bompengeforvaltninga

Evaluering|

Bompengar utgjer eit viktig bidrag til bygging av riks- og fylkesvegar, og det har vore ein vesentleg auke i bruken av bompengar i perioden 2002–2011. I 2011 betalte trafikantane 6,6 mrd. kroner i bompengar, mens det i 2002 blei betalt inn 3,2 mrd. kroner. Sentrale mål for innkrevjinga av bompengar er at den skal skje med minst mogleg ulemper for trafikantane, lågast mogleg kostnader og høgast mogleg inntening. Målet med undersøkinga har vore å vurdere kor effektiv bompengeforvaltninga er. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2011. Funn og anbefalingar: http://www. riksrevisjonen. no/Rapporter/Sider/Bompenge. aspx

  • Stortinget
  • Riksrevisjonen
Intervju
Dokumentstudier