Riksrevisjonens undersøking av behandling og oppfølging av Vik-brevet i Kommunal- og regionaldepartementet ("Terra-saka")

Evaluering|

Vik kommune gjorde i 2001 ein avtale om finansielt sal av konsesjonskraftrettane til kommunen. Kommunerevisoren meinte at avtalen måtte likestillast med eit lån, og at avtalen dermed var i strid med kommunelova § 50. Departementet konkluderte med at avtalen ikkje var eit lån i brev av 20. september 2002 (Vik-brevet). Terra nytta Vik-brevet i marknadsføringa si. Kommunane Hemnes, Hattfjelldal, Narvik, Rana, Bremanger, Haugesund og Kvinesdal gjorde avtalar med Terra og investerte vesentlege beløp i kompliserte fi nansielle produkt med uklar risikoprofil. Fylkesmennene gjennomførte lovlegkontroll og konkluderte med at dei involverte kommunane hadde brote kommunelova og sitt eige fi nansreglement da dei investerte i risikofylte finansielle produkt. Det vart frå fl eire hald stilt spørsmål ved KRDs rolle i Terra-saka. KRD bad i brev av 20. desember 2007 om vurdering frå Justis- og politidepartementet om konklusjonane i KRDs brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var i tråd med kommunelova § 50. Lovavdelinga i Justis- og politi-departementet uttalte i brev til KRD 28. januar 2008 at forholdet Vik kommune hadde til DnB Markets, etter deira meining må kallast eit "lån" etter kommunelova § 50. I brev til KRD 23. januar 2008 varsla Riksrevisjonen at ein ville gjennomføre ei undersøking av måten departementet hadde behandla Vik-brevet på i 2002. Formålet har vore å undersøkje KRDs behandling og oppfølging av brevet "Om finansielt sal av konsesjonskraft og forholdet til kommunelova §§ 50 nr. 1 og 59a nr. 1" av 20. september 2002.

  • Stortinget
  • Riksrevisjonen
Intervju
Dokumentstudier