From Donors to Partners?

Evaluering|

Evalueringa har vurdert norsk støtte til styrking av sivilt samfunn i utviklingsland gjennom norske organisasjonar og deira lokal partnarar. Denne støtta er forvalta av Norad. Evalueringa dekkjer perioden 2006 og fram til i dag. Den bygger på data frå ein litteraturstudie av relevante evalueringar og tilgjengelig akademisk litteratur, gjennomgang av dokument, intervju, elektronisk spørjeundersøking blant dei norske sivilsamfunnsorganisasjonane samt datainnsamling i Etiopia, Uganda og Nepal. Føremålet med evalueringa er å gi Norad og Utanriksdepartementet informasjon som kan nyttast til å forbetre framtidig norsk bistand til styrking av sivilt samfunn i utviklingsland. Evalueringa er gjennomført på oppdrag frå Evalueringsavdelinga i Norad av Chr. Michelsens Institutt (CMI), Nordic Consulting Group (NCG) og Ternström Consulting samt nasjonale konsulentar frå Etiopia, Uganda og Nepal.

  • Direktoratet for utviklingssamarbeid
  • Elling N. Tjønneland, Svein-Erik Helle, Stein-Erik Kruse, Ingela Ternström, Björn Ternström, Yeraswork Admassie, Kanta Singh, Elizabeth Bamwine, Espen Villanger
  • Chr. Michelsens institutt, Nordic Consulting Group, Ternström Consulting
Intervju
Spørreskjema
Dokumentstudier
Statistikk
Observasjon