Evaluation of the Norway India Partnership Initiative for Maternal and Child Health

Evaluering|

Det norsk-indiske partnarskapsinitiativet (NIPI) er eit av fem initiativ som Noreg har inngått med nasjonale styresmakter der målet er å medverke til at tusenårsmål fire og fem – om å redusere barnedød og å betre helsa til mødrene – blir nådd. Partnarskapet skal bidra til denne måloppnåinga ved å gi strategisk, katalytisk og innovativ støtte til det nasjonale helseprogrammet i India. Dei tiltaka som viser seg å bidra til å betre helsa til mødrer og barn skal utvidast og eventuelt overtakast av nasjonale styresmakter. Det norsk-indiske partnarskapsinitiativet har støtta aktivitetar i fire delstatar i India (Bihar, Madhya Pradesh, Odisha og Rajasthan). Føremålet med evalueringa var å vurdere i kva grad partnarskapet har oppnådd målsetjinga som dei har sett seg føre, samt dokumentere eventuelle lærdomar som partnarskapet kan ta med seg frå første fase i samarbeidet og inn i neste.

  • Direktoratet for utviklingssamarbeid
  • Cambridge Economic Policy Associates (CEPA)
Intervju
Dokumentstudier
Statistikk
Observasjon